Home
Feriehyttene
Plan og utstyr
Aktivitetar
Naustet
Kart og linker
Bestilling


Deutsch

English


Turistinfo
Ytre Sognefjord


Hjartholm Feriehytter Naustet

Naustet

Naustet frå forrige århundre, er den opprinnelege bygningen på stranda i Hjartholm, og har vore mal for dei fire nye feriehyttene. Naustloftet er i dag innreda som ei "storstove" for hyttegjestane. På grunnplan er det eit velutstyrt sløyerom, fiskeutstyr, redningsvester og anna som høyrar båtane til.

Sosialt samvære, kurs konferansar.
På naustloftet kan ein ha hyggelig samvære dersom ein er ei større gruppe. Kanskje vil de nytte det fullt utstyrte kjøkkenet og lage eit betre felles måltid.

Naustet rommar ca. 25 personar til bords og er også ypperleg til mindre kurs, møter og konferansar.

Ta kontakt for meir informasjon.

Før og etter fisketuren
Hugs å ta på redningsvester før båt- eller fisketuren. I naustet finn de godkjendte redningsvester for 20 personer, barn og vaksne. Vestane er sjølvsagt for fri bruk, og etter avtale kan du leige både krabbeteiner og fiskeutstyr.

Når de kjem attende med fangsten, så kan de ta i bruk vårt velutstyrte sløyerom med sløyebenk med varmt og kaldt vatn. Når fileten er klar er det berre å pakke og merke den og leggje den i fryseboksen.