|
Aktivitetar
Hjartholm gjev ei rekkje moglegheiter for ferielystne i alle aldrar. Rett ved hyttene er det badeplass for dei som vil prøve tempraturen i Sognefjorden. Har du lyst til
å sjå gardsdrift på nært hald inviterer vi deg gjerne med i fjøset.
Fiske og båtutleige Vi leiger ut plastbåtar og tresnekker. Fiskeutstyr, ekkolodd og krabbeteiner er tilgjengeleg etter avtale. Eige naust med fryseboks og
sløyebenk med varmt/kaldt vatn gjev gode muligheiter til å bevare havets delikatesser.
Fjellturar
Dersom du heller vil nyte utsikten fra fjellet, hjelper vi deg gjerne med kart over merkte turstiar. Frå Hjartolm går det fleire turstiar, frå lette familieturar
f.eks. til Hjartholmstølen, eller den krevande turen til toppen av Blåsvoda (641 moh.)
Dagsturforslag Frå Hjartholm kan du nå dei beste attraksjonane langs Sognefjorden. Vi kan nemne båttur til Utvær fyr, lengst vest i Noreg, eller biltur til Fjærland med besøk på Bresenteret og Jostedalsbreen. Eller kva med ei vitjing på Gulatinget,
Massnes Villmarksmuseum eller ein dagstur til Bergen?
Har de spesielle ønskje, så hjelper vertskapet gjerne til med å planlegge både kortere eller lengre turar.
|